Nominasjonskomiteens liste logo

Bjørgvin

Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin bispedøme er eit bispedøme i Den norske kyrkja som omfattar sokna i Vestland, med Bergen domkirke som bispesete. Dette bispedømet reknast som eit av dei fem historiske bispeseta i Noreg og blei oppretta rundt 1070 som Dioecesis Bergensis.

Desse kommunane høyrer til under Bjørgvin bispedøme: Alver, Årdal, Askøy, Askvoll, Aurland, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Bremanger, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Fjaler, Gloppen, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Kinn, Kvam, Kvinnherad, Lærdal, Luster, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Øygarden, Samnanger, Sogndal, Solund, Stad, Stord, Stryn, Sunnfjord, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Vik, Voss.

Kandidatar på nominasjonskomiteens liste i Bjørgvin bispedøme

Dag Sele. Foto.
Dag Sele
Alder: 59 år
Bosted: Stord
Stilling: Lege/Psykiater

Eg har eit ønskje om å medverka til ei kyrkje som alle kan kjenna seg heime i og som gir flest mogeleg eit møte med Jesus. Eg er overbevist at me, for å oppnå dette, treng ei lokal kyrkje med lokal forankring. Kombinasjonen av lokalkyrkjeleg forankring og mangeårig erfaring med politikk og folkevaltrolla, gjer at eg trur eg kan ha noko å bidra med i bispedømmerådet.

Turid Fjose. Foto.
Turid Fjose
Alder: 53 år
Bosted: Voss
Stilling: Lungelege

Aktiv i frivillig arbeid innan kyrkje, KFUK-KFUM, hagedyrker og glad i folk! 4 års erfaring frå bispedømmeråd/Kirkemøtet har gitt god innsikt, men har framleis mykje å lære! Eg ynskjer ei sterk lokal kyrkje der tilsette og frivillige arbeider godt saman. Den lokale kyrkjelyden kjenner staden og samfunnet dei står i og eg ynskjer at kyrkja skal vere relevant for heile samfunnet slik det er i dag. DNK skal vere pådriver for vern av menneske, skaperverket og gje vekst for tru.

Amalie Gjengedal-Eide. Foto.
Amalie Gjengedal-Eide
Alder: 27 år
Bosted: Bergen
Stilling: Lektor

Jeg ønsker at kirken skal være et inkluderende og åpent sted, der alle føler seg velkommen. For meg betyr dette at kirken har plass til, aksepterer, og rommer hele mennesket, med alt dette innebærer. Jeg tenker samtidskulturen har en naturlig plass i kirken, og at man med den får knyttet det kirkelige til våre liv i dag.

Jostein By. Foto.
Jostein By
Alder: 75 år
Bosted: Olden i Stryn
Stilling: Pensjonist. Arbeidde i offentleg forvaltning, sist som rådmann i Jølster kommune

Eg vil at kyrkja skal framstå som truverdig folkekyrkje med rom for alle som søkjer til kyrkja.  Det lokale engasjementet må styrkjast, gjennom forståing for verdien av godt samarbeid og rolleavklaring mellom folkevalde og fagpersonar i kyrkja.  Det må vere plass til mangfaldet, der alle viser respekt for kvarandre og legg større vekt på det som bind saman enn det som skil oss.   Eg vil at kyrkja skal framstå som truverdig folkekyrkje med rom for alle som søkjer til kyrkja. Det lokale engasjementet må styrkjast, gjennom forståing for verdien av godt samarbeid og rolleavklaring mellom folkevalde og fagpersonar i kyrkja. Det må vere plass til mangfaldet, der alle viser respekt for kvarandre og legg større vekt på det som bind saman enn det som skil oss.

Kristin Jordheim Bovim. Foto.
Kristin Jordheim Bovim
Alder: 68 år
Bosted: Bergen
Stilling: Utdanningsansvarlig overlege, Haukeland universitetssjukehus

eg er veldig glad i Den norske kirke. Den har gitt meg tilhørighet, venner, oppgaver og muligheter, vært den rammen der jeg fikk leve med min tro. Jeg vil gjerne bidra til at kirken fortsetter å bety mye for folk i fremtiden, med sine nye utfordringer og muligheter. Mitt ønske er en kirke som skaper møteplasser for alle slags folk, i alle aldre og med varierende bakgrunn og behov.

Dag-Olav Bjorøy. Foto.
Dag-Olav Bjorøy
Alder: 65 år
Bosted: Ågotnes, Øygarden kommune
Stilling: Seniorkonsulent (IKT)

Vi har eitt oppdrag: Å forkynne frelsa gjennom Kristus. Dette skjer i den lokale kyrkja. Kyrkjeordninga må leggje til rette for at vi kan bruke mest mogleg ressursar nærast mogleg kyrkjelydane våre, lokalkyrkja må altså få større mynde og ansvar. Kyrkja har samlingar som går på tvers av generasjonar, dette må styrkjast.

Hege Feet Askvik. Foto.
Hege Feet Askvik
Alder: 65 år
Bosted: Alver
Stilling: Pensjonist. Tidligere personalsjef i Sjømannskirken, sist seksjons- sjef i Digitaliseringsdirektoratet

Jeg ønsker å bidra til at kirkas budskap oppleves relevant for folk. Jeg har bodd både i Sogn og i Nordhordland, og sett hvordan folkekirka kan bidra til at gudsliv og gudsnærvær utspilles i det vanlige livet. For meg er lokalmenighetene bærebjelkene i kirka, mens bispedømmet bør spille en viktig støttende rolle med sine ressurser og mulighet for lokal utprøving. Kirka har og et ansvar for å tale tydelig om forvalteransvar, både i lokalt og globalt perspektiv.

Helge Dyrkolbotn. Foto.
Helge Dyrkolbotn
Alder: 59 år
Bosted: Austrheim
Stilling: Avdelingsleiar ved Austrheim vgs

Eg har vore leiar i Austrheim Sokneråd og fellesråd i dei to siste periodane, og var kommunal representant i perioden før det igjen. For meg er det viktig med ei kyrkje som har rom til alle og der alle føler seg velkomne. Kyrkja må vera levanede og aktuell for kyrkjelyden også i 2023.

Amalie Ulevik Bjerk. Foto.
Amalie Ulevik Bjerk
Alder: 25 år
Bosted: Bergen 
Stilling: Student 

Jeg ønsker å bidra med stort engasjement og iver. Mange erfaringer fra frivillige organisasjoner, menighetsarbeid og menighetsstyret, i tillegg til kirkelig fellesråd og annet styrearbeid. Kirken skal være et åpent og inkluderende fellesskap hvor alle skal kunne oppleve tilhørighet. Vi må ta ansvar for samfunnet og kloden vår. Kirken bær være tilgjengelig, bevegelig og omgjengelig for alle.

Ingeborg Watne Flatland. Foto.
Ingeborg Watne Flatland
Alder: 44 år
Bosted: Førde i Sunnfjord
Stilling: Ungdomsskulelærar

Eg ønsker ei opa og inkluderande kyrkje, der det er rom for alle. Kyrkja må kjempe mot urett og mot skeiv fordeling av ressursar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Å ta vare på skaparverket er viktig, og kyrkja bør vere eit godt førebilde når det gjeld å leve berekraftig og miljøvenleg.

Leif Steinar Alfsvåg. Foto.
Leif Steinar Alfsvåg
Alder: 64 år
Bosted: Stord
Stilling: Høgskulelektor på Campus Stord (HVL)

Eg vil arbeide for at kyrkja skal ha ein tydeleg profil – men ikkje stereotyp, oppteken av å formidla evangeliet og lojal i forhold til vedtekter og ordningar. Kyrkja skal vere utåtvent og kunna ta del i samfunnsdebattar, i særleg grad der det handlar om respekt for enkeltmenneske og skaparverket. Kyrkja skal vere ein god plass å koma til – der enkeltmennesket opplever seg sett.

Elise Skjærven Aas. Foto.
Elise Skjærven Aas
Alder: 18 år
Bosted: Bergen
Stilling: Vidergående skole elev, leder for Bjørgvin bispedømmes ungsområd og medlem av den norske kirkes ungdomsutvalg

Jeg ønsker å gjøre en forskjell. Mye erfaring fra ungdomsdemokratiet i DNK og deltagelse på ungdommens kirkemøte har gitt god innsikt. Jeg ønsker en kirkeordning der økumenikk får mer myndighet felles visjon om inkludering og nytenkning. Kirken må være et sted der mennesker opplever seg sett og elsket av Gud. Det må være rom for ulikt engasjement og ulike fellesskap.

Rune Garmann. Foto.
Rune Garmann
Alder: 71 år
Bosted: Masfjorden
Stilling: Pensjonist. Tidlegare lærar og ikt-medarbeidar

Eg har tolv års røynsle frå soknerådsarbeid bak meg. For meg er det viktig at alle skal kunne vende seg til kyrkja ved ynskje eller behov, og vite seg velkomne. Ein måte å få til dette, kan vere å lyfte fram kyrkja som kulturbærar. Det er også viktig å hjelpe tillitsvalde og stab til å gjere ei god teneste.

Torild Teige Strand. Foto.
Torild Teige Strand
Alder: 64 år
Bosted: Solund
Stilling: Jobbar på Solund Barne og ungdomsskule. Faglærar og sjukepleiar

Kyrkja er ein bygning og eit fellesskap av truande som rekk utover heile jorda. Slik eg ser det, er den viktigaste oppgåva for den Norske kyrkja å forkynne evangeliet om Jesus, møte menneske i glede og sorg, og vere til stades i lokalsamfunna våre. Å forvalte skaparverket er ei naturleg sak for kyrkja å ta del i. Dette vil eg gjerne vere meg å jobbe for.